Den nye ungdomsklubben er eit godt tilskot til fritidstilbodet for unge i Finnøy. (Illustarsjonsbilete og er ikkje knyta til undersøkinga).

FINNØY:

«Crewet», som elevane i styret kallar seg, er med rette stolte av det dei har fått til. Endeleg får unge frå 8. til 10. klasse sin eigen stad å vera, ein plass dei kan møtast og driva aktivitetar.,

Det er oppstartsmøte, og crewet sitt fyrste, «forrektige» møte med leiar Mona Roth, som er tilsett i 50 prosent stilling i kommunen for å hjelpa ungdommane i gang. Roth, som er frå Stavanger, har jobba som lærar ved Jæren Folkehøgskule.

Dyktig gjeng

– Eg har tru på denne gjengen. Dei har ønska seg ein ungdomsklubb lenge, dei er arbeidsame, kreative og har mange konstruktive tankar. Eg trur rett og slett dei har det som skal til for å lukkast, seier Roth.

Tidlegare i haust var ho rundt på alle dei aktuelle klassetrinna og lodda stemninga for ein ungdomsklubb.

– Det var stor einigheit i samtlege klassar om at det ville vera eit kjærkommen tilskot til det eksisterande fritidstilbodet.

Det er lenge sidan det var ungdomsklubb på Finnøy, og mange har sakna ein livssynsnøytral stad å møtast.

Inntil Svineriet, som står igjen etter rygjabøbrannen, er ferdig oppussa neste vår, skal ungdomsklubben halda til i Kulturstova på Sentralskulen. I fyrste omgang legg dei opp til ein klubbkveld i veka, kvar tysdag frå klokka 14.30 til 18.30, men det kan fort utvidast viss interessa er stor nok.

– Det er behov for ein eigen ungdomsklubb der me kan samlast, og vera saman utan å kjenna på press og forventningar. Me ynskjer ein plass me kan «chilla», vera oss sjølve, spela dataspel, brettspel, snakka om ting me er opptekne av, og kanskje gjera lekser, fortel Benjamin Eggebø.

Rom for vekst

På sikt er planen at ungdomsklubben kan utvidast med fleire aktivitetar.

– Det er heilt opp til klubb-crewet å bestemma korleis klubben skal sjå ut og kva innhald den skal fyllast med. Det har allereie blitt nemnt både musikkband og dataklubb, men det er ikkje opp til meg å bestemma. Eg skal stå bak som vaksenkontakt og støtteperson, og skal hjelpa til med formalitetar og andre ting dei av naturlege årsaker ikkje kan gjera sjølve, fortel Roth.

I desse dagar søker ungdomsklubben også etter ein ekstra, vaksen person som kan vera med.

– Me treng å vera to. Det kan oppstå situasjonar som gjer det nødvendig. Også med tanke på sjukdom vil me vera langt mindre sårbare, dersom det er ein ekstra person å spela på.

Ungdomsklubben opnar dørene med brask og bram tysdag 19. oktober.