Stavanger-ordfører, Kari Nessa Nordtun (Ap)

STAVANGER:

Det går det fram av svaret i formannskapet til Henrik Halleland (krf) kor han etterlyser lokale tiltak frå kommunen for å hjelpa næringa.,

Ifølge svaret frå ordføraren har ikkje kommunen vurdert å oppretta ei lokal kompensasjonsordning. I staden peikar Nessa Nordtun på sentrale myndigheter som den rette instansen til  å gjera noko med dei høge straumprisane.

Ho viser også på at dei høge straumprisane vil bli eit tema i jordbruksoppgjeret til våren.

Derimot varslar ordføraren eit initiativ frå Stavanger kommune si side kor landbruksministeren blir invitert til møte med veksthusnæringa lokalt om kva som kan gjerast for å hjelpa næringa. Kommunen vil dessutan senda brev til både finansminister Trygve Slagsvold Vedum og landbruksminister Sandra Borch med oppfordring om å koma med hjelp til næringa.

Henrik Halleland er positiv til initiativa frå ordføraren.

-Det viser at Stavanger kommune er på i denne saka, seier Halleland til Øyposten.

Henrik Halleland er gruppeleiar for KrF Stavanger. Foto: FOTO: Privat