-Etter to veldig gode år, er vel dette også litt naturleg, innrømmer dagleg leiar Lars Jøran Flesjå. Bedrifta, som har sitt tilhald på Flesjå på vestsida av Finnøy, har vakse seg stor og hadde i fjor ein omsetnad på heile 75 millionar kroner.- Me har lege på ei sysselsetjing som tel om lag 30 årsverk dei siste åra, og har no redusert til 28. I tillegg har me to arbeidstakar på ferie kontinuerleg, så me er vel 25-26 personar på jobb kvar dag.,Lars Jøran  ser likevel ikkje noko dramatikk i dette, men er klar på at bedrifta heile tida må vera ute i marknaden og sjå seg om etter nye oppdrag. Då gjerne også innanfor nye område og sektorar. -Me har no eit større oppdrag på Karmøy, der me skal vera med på å levera betongelement til ein større kai som er heile 80 meter lang. I tillegg er me med i konkurransen om å få byggja eit anna kaianlegg på Avaldsnes, legg Flesjå til.,-Du veit at det er ingen ting som veks inn i himmelen, heller ikkje innanfor vår sektor. Difor legg eg heller ikkje noko dramatikk i denne nedbemanninga, avsluttar han.