Henrik Halleland (krf) vil ha Bokn-saka opp i Stortinget.

Og når me fyrst er inne på krigsretorikk: Eg les med stor interesse at det nye fleirtalet i Stavanger no rettar kanonane mot regjeringa.  Det er i seg sjølv ein kjend strategi, men det er ikkje til hjelp for innbyggjarane i kommunane.,

Eg har vore lokalpolitikar sidan 1999. Mitt aller første politiske oppdrag var å reisa frå Finnøy til Oslo for å ta opp med Bondevik-regjeringa at dei måtte sørga for meir pengar til kommunepolitikarane. Og under Stoltenberg regjerte blei eg fotografert av Stavanger Aftenblad medan eg stod og stira ned i eit symjebasseng utan vatn på Finnøy sentralskule.

Poenget mitt er at pengeoverføringar frå ulike regjeringar har vore ei utfordring lenge. Faktisk så lenge som kommunane har eksistert. Var det slik at den einaste løysninga på dei utfordringane vi står ovanfor var meir pengar – ja då hadde eg slutta som lokalpolitikar for lengst. For det er slik at overføringane til dei ulike kommunane aldri blir store nok.

Det viktigaste ein kommune kan gjer for å opprethalda gode inntekter er og stella godt me næringslivet. Her har Stavanger kommune levert over fleire år. Ser ein vekk frå oljenedturen for nokre år sidan har Stavanger høge skatteinntekter over lang tid. Sidan stortinget vedtok kommuneproposisjonen i vår har kummune-Norge fått 5 milliardar meir i skatteinntekter enn det ein spådde i vår. Ser me på Stavanger var skatteinntektene i november 180 milliardar over budsjett. Dette er ei gledeleg utvikling som heilt sikkert vil halda fram inn i 2020.

Utviklinga no syner at vi skaper fleire offentlege arbeidsplassar enn private. Denne trenden må me snu. Politiske prioriteringar i framtida vil visa om dette skjer.

Det som verkeleg er spanande, er å sjå kva ein klarer å få ut av dei pengane ein får. Dette seier eg som avtroppande ordførar i ein kommune som er nabo med Suldal og Hjelmeland. Kommunar som er i ein eigen divisjon når det gjeld inntekter frå blant anna kraftindustri.

La meg bruka sjukefråværet som eit eksempel. Det varierer frå to prosent i den «beste» kommunen, og 13 prosent i den «dårlegaste». I ein kommune som Stavanger utgjer denne differansen ein god slump pengar.

Eit viktig spørsmål blir då kor effektive kommunane er. Som kommunaldirektøren viste i presentasjonen av budsjettet, er Stavanger kommune diverre den minst effektiv av alle storbykommunar.

Når det gjeld eigedomsskatt er det viktig å presisera at det ikkje er regjeringa og staten som sparer 70 millionar, men innbyggjarane som må betala inn 70 millionar mindre til kommunekassa. KrF ser på dette som ei positiv utvikling.

Eit anna faktum er at dei raudgrøne ikkje nemner dei tre milliardane som kystkommunane fekk utbetalt i 2018 og 2019. Frie inntekter som kommunane kan bruke til tenester som dei vil. Frå og med 2020 vil nye Stavanger nyta godt av desse midlane.

Valløfter skal innfriast – men det bør ikkje koma som ei stor overrasking at fleirtalsregjeringa held fram som før, sjølv om det har vore lokalval. Det er ingenting som har endra seg etter at valløfta blei lagt fram.

Mange av desse løfta er gode saker som eg håper fleirtalet vil lukkast med, men krig mot regjeringa er ikkje måten å gjera det på! Sats heller på ein open budsjettprosess der også opposisjonspartia kan bidra med tankar og forslag til kva som er til det beste for folk flest. Diverre ser det ikkje ut til å gå den vegen. Gamal vane er vond å vende, og makta har privilegert tilgang til beslutningsrommet.

Ein ting er sikkert; det skal ikkje stå på tilbod frå KrF. Det er berre å ta kontakt!

Henrik Halleland, avtroppand ordførar i Finnøy og gruppeleder stavanger Kr.F