|

Den siste viktige saka i samanslåinga mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger er sjølve utforminga av regelverket for eigedomsskatten, som det av praktiske grunnar har vore umogeleg å koma til ein konklusjon på i løpet av inneverande år.,- Då er målet at me skal ha på plass eit nytt regelverk for eigedomsskatten i den nye kommunen innan 1. desember 2020, seier prosjektrådmann i Nye Stavanger, Per Kristian Vareide.,-Det er

like greitt at saka blir utsett til etter valet. For elles hadde vel dette blitt ei «varm potet» og sentral sak i valkampen?

- Ja, det var nok kanskje det, smiler Vareide som er rask med å leggja til at han er blitt fraråda av KS. (Kommunenes Sentralforbund) og deira juridiske ekspertar , å leggja til grunn dei føringane som ligg i Fellesnemda sitt vedtak til utforminga av sjølve eigedomsskatten i den nye kommunen. Det er det som har komplisert det heile, og no er det også komen ei ny og revidert forskrift frå Finansdepartementet som også har forkludra det heile.

,- Men eg kan i alle fall trøysta finnøybuen , som har hatt ein relativt høg eigedomsskatt no i fleire år, med at alle vil få ein betydeleg nedgang i sine satsar for eigedomsskatt i den nye kommunen. Då  med verknad frå 2021, avsluttar prosjektrådmann Vareide.

Jon Asgaut Flesjå