Forslaget går i korte trekk ut på at det blir eigedomsskatt i Vikevåg- og Judaberg-området på nivå med dagens takstar på Vassøy. Resten av Rennesøy og Finnøy skal sleppa eigedomsskatt.,

-Forslaget mitt vil vera i tråd med intensjonsavtalen, seier Jostein Eiane til Øyposten.

Ifølge Eiane er det avklart at KrF vil støtta forslaget når saka kjem opp i formannskapet denne veka. Han har også sendt forslaget til Høyre og Frp, og også gruppeleiarane i dei andre partia skal ha fått det.

-Signala frå Høyre er at dei kan gå for dette, og det same gjeld Tor Bernhard Harestad i Frp, opplyser Eiane.

I formannskapet kjem Frp til å foreslå at det ikkje blir eigedomsskatt i Nye Stavanger.

Forslaget byggjer på dagens reglar for eigedomsskatt i Stavanger, kor Vassøy betaler ein lågare sats enn resten av kommunen, nemleg 0,7 av skattenivået.

-Det spennande er nå kva Ap og Sp, som begge var aktive i utforminga av intensjonsavtalen i fellesnemnda, landar på, på seier Eiane.

Formannskapet i Nye Stavanger skal torsdag ta stilling til kva område som skal betala eigedomsskatt. Forslaget frå kommunedirektør Per Kristian Vareide går ut på at det skal innførast eigedomsskatt i heile Nye Stavanger. Rennesøy, i motsetning til Finnøy og Stavanger, har i dag ikkje eigedomsskatt.

-Etter mi meining synes eg ikkje forslaget frå kommunedirektøren tar opp problemstillinga på ein tilstrekkeleg god måte, seier Jostein Eiane.