|

«Griis» er namnet på årets musikal for 10.trinnet på sentralskulen, sjølvsagt henta frå musikalen og filmen Grease der Olivia Newton John og John Travolta spela hovedrollene. Men elevane og instruktørane har gjort sin eiga versjon, med lokal finnøysetting og lokal humor. Det fungerte veldig bra på forestillinga Øyposten var på torsdag formiddag.,

Elevane i salen, frå fleire av skulane i kommunen, var i alle fall med på notene. Dagens største jubel kom då det dukka opp ein ATV på scena til nummeret «Grease Lightning». Her fekk ungdomane verkeleg spela seg ut. Det var skikkeleg trøkk i songen og godt skodespel. Denne rockaren er jo i seg sjølv til å bli i godt humør av, men her løfta tiendeklassingane sjarmfaktoren fleire hakk.

Så er det sjølvsagt lettare å få til både innleving og song når du er saman med fleire på scena, enn om du skal synga solo. Men dei som gjorde det – leverte godt på songar som ikkje er så enkle.

Det som skjedde på scena blei frå tid til anna supplert av små filmsnuttar, tekstmeldingar og telefonsamtalar. Det var eit fiffig triks, og ga liv og aktualitet til forestillinga. Smart.

Edd Meby