|

Medan Hesby kyrkje forfell, er kyrkja på Talgje i tipp topp stand. Dette er unike kyrkjer frå 1100-talet som representerer ein snart 1000 år gamal historie. Kva gjer at to tilnærma like kyrkjer i ein og same kommune er så ulike i tilstanden?,

I Hesby kyrkje er det rustskadar, knuste heller, vasslekkasjar og fukt som gjer at murpuss og maling fell av, og det kjem vatn inn i bygget. Øyposten har fått tilbakemeldingar frå trufaste kyrkjegjengarane som uttrykker frustrasjon over å sjå kyrkja si i ei slik forfatning.

Jostein Gard på Talgje har eit brennande engasjement for kyrkja og seier til avisa at dugnadsviljen er stor.

-Det blir jamt og trutt lagt ned mykje frivillig arbeid i kyrkja. Folk på øya bryr seg om kyrkja, og ynskjer å halda den i god stand. Det inneber blant anna årleg vedlikehald. For to år sidan blei heile kyrkja mala og kalka, inn – og utvendig. I tillegg leiger me inn hjelp når større vedlikehald er naudsynt, seier Gard.

I fylgje Kyrkjelovas paragraf 15 er det kyrkeleg fellesråd i kommunane som har ansvaret for forvaltning og drift av kyrkjene, medan kommunane har ansvaret for finansieringa.

-Det er svært dyrt med vedlikehald av middelalderkyrkjer. Desse krev spesielle prosedyrar og krav, og det er ikkje berre å setta i gang arbeid på eigenhand. Med eit slik omfang på vedlikehaldet som trengs i Hesby, er det snakk om store beløp, fleire millionar. Det har ikkje blitt gjort noko særleg her sidan 90-talet. Før vedlikehaldsarbeidet kan starta må det føreligga ein tilstandsrapport som kostar 250 000 kroner, dette gjeld middelalderkyrkjer. Ut ifrå denne vil riksantikvaren i samarbeid med lokale kyrjkelege representatar bestemma kva arbeid som skal utførast, seier sokneprest i Finnøy, Tor Egil Eriksen.

Pengar som var løyvd til vedlikehald av Hesby  blei omdisponert til lovpålagt installasjon av sprinklaranlegg i blant anna Sjernarøy Kyrkje.

,-

Kvifor er det ikkje forfall på kyrkja på Talgje?

-Dette er det ei historie som går mykje lenger tilbake enn mi tid som prest i kommunen. Eg trur det handlar om gode rutinar med kalking etter samråd med riksantikvar, kyrkjeverje og friviljuge

,-

Er ikkje folk på Finnøy like ivrige på dugnad som på Talgje?

-

Eg veit at der er mange som vil ta eit tak for Hesby Kyrkje og. Men situasjonen no er at riksantikvaren ikkje vil la oss gjera noko med kyrkja før me har tilstandsrapporten. I Hesby kyrkje snakkar me no om restaurering heller enn vedlikehald, og så får me tru at når det arbeidet er gjort, kan meir av seinare vedlikehald bli gjort på dugnad.,

Ordførar Henrik Halleland vil jobba for å få pengar til kyrkja» og lovar å stå på for å få renovert Hesby kyrkje.

-Som Øyposten allereie har skrive, er ligg det forslag om midlar i neste års budsjett. Eg vil jobba aktivt for at middelalderkyrkja på Hesby blir prioritert i den nye kommunen, sa ordførar Henrik Halleland i eit intervju med Øyposten 2. august.

Tor Egil Eriksen kan bekrefta at denne saka skal opp til behandling i det fyrste møte i de kyrkjelege fellesråd i den nye kommunen.

- Ja, og då er det spesifikt Hesby kyrkje det er snakk om.

Oddbjørg M. Måland