Ta ungdommen på alvor!

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ni år gammel

Kommunestyret har gjort sitt vedtak i bupliktsaka og det,er tid for å sjå framover. Under sitt møte med ordføraren,i romjula og i den påfylgjande høyringsprosessen i sakakom det klart til uttrykk frå ungdommen si side at dei,fryktar for prisnivået på bustader etter at buplikta no er,oppheva. I tillegg har det også kome fram at dei etterlyser,eit betre kulturtilbod for ungdom i lokalmiljøet sitt.,

Me har ikkje tru på at det slik over natta vil kome dei

store endringane i bustadmarknaden, fordi det ligg klare,føringar i gjeldande reguleringsbestemmelsar som krev,både dispensasjon frå den nyleg vedtekene kommuneplanen,og ei seinare bruksendring dersom hus skal gjerast om,til hytter. Like fullt er det mykje som tyder på at me kan få,ein kraftig prisauke på både tomter og bustader dersom,ikkje den politiske leiinga i kommunen tek dei nødvendige,grepa og fører ein aktiv bustadpolitikk framover. Dette,gjeld både den privatiseringa av bustadpolitikken som den,tidlegare politiske leiinga i kommunen må ta hovudansvaret,for, og ikkje minst tildelingskreteriane for tomter som,det etter vår meining også bør utarbeidast klare retningslinjer,for. For det er eit stort paradoks det som skjer i nabokommunen,vår Rennesøy for tida, der det nettopp er Framstegspartietsom er mest kjent for å ta avstand frå offentlege,reguleringsbestemmelsar, som no vil gå lengst når det gjeld,kommunal regulering og subsidiering av bustadtomter i,det store bustadfeltet som er under opparbeiding i Skorpefjell,på Aske. Dette primært for å gjera det rimelegare,og økonomisk mogeleg for rennesøyungdommen å etablera,seg i heimkommunen sin.

Det er på høg tid at Finnøy kommune gjer liknande grep

dersom me vil at ungdommen skal koma tilbake til barndomskommunen,sin. For me kan jo ikkje berre overlata alt,til private aktørar.

Difor er det all grunn til å ta ungdommen på alvor og

lytta til kva dei har å seia både når det gjeld bustadpolitikk,og kulturpolitikken i kommunen. Den arrogansen og neglisjeringa,som enkelte sentrale politikarar viste ovanfor,ungdommen i den oppheita diskusjonen rundt bupliktsaka,synest me svært lite om.

Det er ungdommen som trass alt er framtida også for

,Finnøy kommune!