Om då ikkje den største utfordraren,bylaget Pol,vinn alle sine tre siste kampar og Finnøy berre avgir maks tre poeng i den siste og avgjerande kampen borte mot topplaget Kvitsøy,vil opprykket vera ein realitet.Difor bør det også bli publikumsrekord når Finnøy spelar sin siste heimekamp for i år, onsdag 17. Oktober.For trass i at A-laget har hatt sin beste sesong på mange år,må ein diverre også mange år tilbake for å finna eit så dårleg publikumsoppmøtet på A-lagskampane på Leikvoll.-I ein overraskande god sesong sportsleg,er det dette som har skuffa meg mest,seier kaptein Anders Eike.For trass i mange skader og på papiret eit noko svekka lag i kampen mot Vaulen 2,klarte laget ved hjelp av tomålsscorar Jarle Sigbjørn Risanger Eike å sikra seg eitt viktig poeng i ein tett og jamn kamp på nedre Vaulen seint tysdag kveld.