Ryfylke Næringshage i samarbeid med Finnøy kommune inviterer fyrstkomande tysdag tomatgartnarane til eit såkalla klimamøte i næringshagen på Judaberg. Agendaen for møte er dei overordna regionale og nasjonale føringane for klimakutt, og dei utfordringane det vil ha for veksthusnæringa i både Finnøy og Rennesøy.,

Eit liknande forberedande møte vart halde i september, og ein ynskjer no å invitera tomatgartnarane til ein dialog om korleis ein skal staka ut kursen vidare.

,Spørsmål som mellom anna skal drøftast er: Skal det søkjast om eit eige miljøprosjekt  og kva skal i så tilfelle hovudmålet vera;,-Pilotprosjekt innan ny teknolog

i,-Rådgivingsteneste innafor klimasmart veksthus,Dette er bare nokre av spørsmåla og problemstillingane som vil bli reist i møte, står det å lesa i innkallinga.