FINNØY:

Redaktøren i The American Norwegian newspaper er på norgesbesøk, eller nærmare bestemt på stavangerbesøk. Ho er i gang med å laga eit spesialnummer av avisa som utelukkande skal handla om Stavanger.

Avisa er den fyrste og einaste amerikanske avisa for nordmenn busette i Amerika.

Fin balanse

– I had never expected Stavanger to be such a modern and beautiful city, sa redaktøren då Øyposten møtte ho ved Kleng Peerson-huset på Finnøy i dag.

– Eg trudde byen ville vore meir «øydelagt» som eit resultat av mange år med oljeverksemd.

Ho er spesielt oppteken av korleis stavangerregionen har klart å balansera kombinasjonen av nytt og gammalt. Kor mykje av det gamle som er godt i vareteke og har ein plass i samfunnet, samstundes som regionen er ein føregangsnasjon innan teknologi og utvikling.

Lori Ann Reinhall og husvert og guide Arne Johan Larsen. Foto: Oddbjørg Måland

– Eg har lært mykje om oljebransjen og er imponert over korleis den nå er under omstilling. Eg er også svært interessert i norsk utvandrarhistorie. Alt som kan kasta lys over denne perioden og som kan gi meg større innsikt og forståing for det som føregjekk den gong. Difor tykkjer eg det er interessant å vera akkurat her.

I ei veke har ho farta rundt i regionen og sett på forskjellige museum slik at ho kan klara danna seg eit bilete av utviklinga i Stavanger. Blant anna har ho vore på guida tur i Stavanger, høyrt både historia om byen Stavanger og oljehistoria, sett kunst og opplevd norsk kultur, besøkt den internasjoale skulen og fått eit innblikk i lokalt næringsliv.

40 sider stavangerhistorie

The Norwegian American har mellom 20 og 24 sider og kjem ut to gonger per månad. Fokusområdet er norske nyheiter, næring, sport, meiningsmålingar, forsking, mat, kultur og underhaldning, samt nyheiter frå det norske miljøet. To til tre sider i kvart nummer er skrivne på norsk.

Reinhall fortel at avisa hennar tidlegare har laga eit liknande opplegg frå Bergen. Det blei stor suksess, og no håpar ho det same vil skje med denne reportasjen som skal gå over 40 sider og er planlagt publisert om få månadar.

F.v: Sverre Meyer- Knutsen, Lori Ann Reinhall, Borghild Tednes Larsen, Linda Tednes og Arne Johan Larsen. Foto: Oddbjørg Måland

Etter ein grundig gjennomgang av huseigar Arne Johan Larsen, reiser Reinhall vidare til omvisning i Utstein Kloster og utstillinga på utvandrarrommet på Utstein Kloster hotell. Og tur med Restautation.