Mannskoret Brødrerøster kjem for å halda konsert på Finnøy.|Gunstein Draugedalen.

FINNØY:

Koret inviterer til song- og musikkopplevingar 29. mai, først i Hesby kyrkje  ved høgmessa kl 11.00, og vidare om ettermiddagen i eit arrangement på Utsyn Misjonssenter.  Begge stader vil Brødrerøster syngja frå sitt omfattande repertoar.,

Gunstein Draugedalen.

«Kvifor Finnøy?  Det har seg slik at Reidar Berge, barnefødt på Finnøy, er formann i Brødrerøster. Reidar var og med å stareta oppo koret i jula 1978. Han har snakka om Finnøy i alle år seinare! Nå, etter 43 år kjem Brødrerøster», skriv koret i ei pressemelding.

Koret starta opp som ein kvintett i jula 1978. Dei aller fleste songarane er pensjonistar, men det er med yngre røyster også. Reportoaret spenner frå Oscar Borg, via Negro Spitiuals til Benny Anderson og frå Lina Sandell via Susanne Toolan til Eyvind Skeie

Koret har farta ein del opp gjennom åra, utanlands og innanlands. Bilete er tatt utanfor Minnekyrja i Vilajoyosa, Costa Blanca, Spania i november 2019, då vi var på turne i regi av Sjømannskyrkja.

Songarane høyrer til ulike kyrkjer og kristne organisasjonar i Hamar-området. Koret er likevel formelt knytta til Misjonssambandet i Hamar, som ei mannsforeining.

«Opplevingane er gratis. Skulle nokon ynskje å gje ei gåve vert det høve til det», skriv Magne Rydland på vegne av koret i pressemeldinga.