Lars Vangen har travle dagar i Finansdepartementet, og kjenner på alvoret jobben medfører.

Av Hjørdis Halleland Mikalsen

OSLO: -Eg såg ein ung mann som var lei seg og frykteleg skuffa, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Skikkeleg deppa

Året var 2010. Lars Vangen på Finnøy hadde akkurat opplevd eit av sine største nederlag i livet. Han hadde stilt til val som leiar i Senterpartiets ungdomsorganisasjon. Den argaste motstandaren var nordlendingen Sandra Borch. Lars hadde eigentleg god tru på at det ville gå vegen. Han hadde meldt seg inn i Senterungdommen i Oslo og etter kun kort tid fekk han tillit som varamedlem i sentralstyret. Men unge Vangen ville vidare. Han ville bli leiar i Senterpartiets ungdomsorganisasjon.

Slik blei det ikkje.

Sandra Borch vann med skarve fem stemmar.

-Eg gjekk skikkeleg ned i kjellaren, seier Lars ettertrykkjeleg.

Medan salen runga av applaus for den nye leiaren, trakk taparen seg tilbake. Han gjekk bokstaveleg talt ut bakdøra.

-Eg fann meg ein krok ute i gangen og sette meg ned der. Skikkeleg deppa. Eg ska innrømme at det kom nokre tårer då.

Ei brennande sjel

Så tikka det inn ei tekstmelding frå eit ukjend nummer.

Jeg vet det føles tungt nå, men husk at det alltid er en plass for deg i Senterpartiet.

Meldinga kom få Trygve Slagsvold Vedum. Dåverande nestleiar i Senterpartiet. Noverande Finansminister.

-Den tekstmeldinga fortel mykje om korleis Trygve er som person. Han forstod at eg trong nokon oppmuntrande ord der og då.

Det kjem eg aldri til å gløyme.

Trygve Slagsvold Vedum hugsar det også.

-Lars var ei brennande sjel som gjekk på eit solid nederlag. Han hadde jobba hardt og tapt. Difor sende eg han ei oppmuntrande tekstmelding, seier han og påpeikar at det kanskje er ekstra vanskeleg å tape kampen om leiarvervet i ungdomsorganisasjonen.

-Ein er ung og ivrig, og det er venene dine som stemmer for eller mot deg. Det er mange kjensler inne i bildet. Då blir tapet ekstra tungt.

Ein fantastisk barndom

La oss gjera eit hopp tilbake i tid. Til Finnøy på starten av 90-talet- Lars Vangen vaks opp som byggefelt-unge på Judaberg. Far Leif Jarle var lærar på Rygjabø. Mor Beate jobba på sjukeheimen. Lars var ittepåskatten med to eldre sysken. Han skildrar barndomen sin i varme ordelag. Fotballinteressa kom tidleg. Han spela for FIL, med far sin som tidvis både trenar og oppmann. Han viste seg å vere dugande som målvakt. I tillegg engasjerte han seg i det kristelege ungdomslaget, «Stikk Innom».

-Det var ei fin tid, eg sat i styret og fekk tidleg ansvar. Du veit, «Stikk Innom» var både av og for ungdom. Me gjekk på sjølvstyr, og det fungerte bra. Eg har mykje å væra takksam for frå denne tida, lærdom har eg teke med meg vidare i livet.

Eit annleis val

Då 10-årig grunnskule var over, gjorde Lars eit litt annleis val.

-Medan dei andre valde Tau eller Lundeneset, valde eg hybeltilværet på Bryne for å ta vidaregåande der. Eg ville satsa på fotball. Eg hadde vel ein draum om ei karriere som keeper.

Han fekk trena med Tommy Høyland og Vidar Nisja på Bryne sitt juniorelitelag, og oppdaga kjapt at nivået var ekstremt høgt. Kanskje litt i høgaste laget for 16-åringen frå Finnøy. Lars Vangen seier sjølv han var ein  «heilt grei» målvakt.  Det han ikkje viste på dette tidspunktet, var at det verkelege talentet låg ein heil annan stad.

Forbilete frå Finnøy

Lars treivst i fotballmiljøet, men tenkte at han måtte utvida nettverket sitt. Han enda opp i elevrådet og gjekk vidare til vervet som leiar for Elevorganisasjonen i Rogaland. Her oppdaga han ei ny side ved seg sjølv.

-Eg forstod temmeleg kjapt at dette var mi greie.

Den politiske interessa var for alvor vekt i unge Vangen.

-Mine politiske førebilete var to dyktige damer frå Ryfylke; Jorunn Strand Vestbø og Magnhild Meltveit Kleppa.  Det saman med oppveksta på Finnøy gjorde at det blei Senterpartiet.

Han melde seg inn i ungdomspartiet, blei sendt på landsmøte og  fekk ein plass i sentralstyret.

-Eg såg ikkje den koma. Eg hadde berre vore medlem av senterungdom i eit par månader, og «plutseleg» sat eg i sentralstyret. Men det er som dei seier; det bør alltid vere plass til ein finnøybu, ler han.

Banaskall-berar

Sidan har det gått slag i slag. I dag er byggefeltungen frå Judaberg statssekretær i Finansdepartementet, ein moderne spinndoktor, eller som Aftenbladet omtala han «mannen bak fenomenet Trygve Slagsvold Vedum».

-Det er vel kanskje å ta litt hardt i, ler han.

-Men det er uansett betre enn VG si framstillinga av meg som «han som ber bananskalet til Trygve Slagsvold Vedum».

-Bananskal?

-Ja, det var under Arnedalsuka. VG tok eit bilete av Trygve med meg i bakgrunnen berande på eit bananskal. I biletteksten hadde dei gitt meg tittelen bananskallberar

Alle topp-politikarar har ein eigen Lars Vangen. «Behind every great man there has to be a great Vangen”. Dei er rådgjevarar og assistentar. Alltid i bakgrunnen. Ofte omtale som “veskeberarar”.

-No ber Trygve stort sett både veska og bananskal sjølve. Men ja, eg held meg i bakgrunnen. Når Trygve er med i debattar star eg bak scena eller bak kamera, eg jobbar med førebuingar og kjem med tilbakemeldingar når han er ferdig. Eg analyserer svara hans, bodskapen og  kroppsspråket.

Jobbar jamt og trutt

Ute skinn sola denne vakre vårdagen, men den siste tida har Lars, Trygve og Senterpartiet vore ute i hard vêr. Me snakkar galopperande prisar som følgje av krigen, skyhøge forventingar og eit parti som fell som ein stein på målingane. Lars Vangen kjenner på alvoret. Det hender han blir liggande og gruble til langt på natt.

-Ja, eg forstår det alltid er nokon som helst hadde sett at me gjorde meir. Det er ei tid med mange bekymringar, både her heime og i Europa elles. På same tid må me hugse at norsk økonomi går så det susar om dagen. Men for mykje pengebruk vil kunne auke renta endå meir, seier Lars og forsikrar Øyposten at det knapt går ein dag utan at han tenkjer på tomatbøndene på Finnøy som bukkar under for høge straumprisar, eller saka om redusert arbeidsgjevaravgift.

-Eg ser at Øyposten på leiarplass spør  «Kor er Lars Vangen?» Svaret på det er at eg er her. I Finansdepartementet. Og at eg kvar dag jobbar for at ting skal bli betre i det lange løp.

Fann kjærleiken i fengsel

Kvinna i sitt liv fann Lars i Åna Kretsfengsel. Lars hadde sommarjobb. Veronica Ravn frå Trøgstad gjekk på fengselsskule og hadde praksisutplassering. No har dei vore saman i 13 år, og bur i ei leilegheit på Bøler med Østmarka som næraste nabo.

Men som kjærleiken er ein del av livet, er sorga det også. Lars var i starten av 20-åra då far hans vart alvorleg sjuk.

-Kreft er brutale greier. Pappa vart sjuk, friskmeldt og sjuk igjen. Det var som ei kjenslemessig berg-og-dalbane. Men han fekk bu heime heilt til det siste. Og eg er glad for at me fekk tid til å ta skikkeleg farvel.

Leif Jarle Vangen døyde i 2010. Han blei berre 59 år gammal.

Lars var 23 år.

-Eg har heldigvis ei god mor, men når eg tenkjer på alt det som har skjedd dei siste åra, skulle eg ønskje at far min hadde fått oppleve det. Eg håpar han hadde vore stolt.

Trygve om Lars

Finansministeren er ein travel mann, men han tek seg tid til ein prat med Øyposten om sin nære medarbeidar.

-Lars er ein bra mann som betyr mykje for meg og partiet. Han har vore med på både oppturar og nedturar. Han er optimistisk og oppmuntrande, og han er stort sett alltid i godt humør. Men eg har merka meg at humøret hans svingar i takt med korleis det går med Viking, seier Trygve Slagsvold Vedum og ler som berre han kan le.

- Lars er oppfinnsam og kreativ. Dessutan er han eit arbeidsjern, noko eg trur han har henta med seg frå Finnøy, seier Slagsvold Vedum og fortel at Lars snakkar mykje om heimstaden.

-Han har ikkje gløymt kor han kjem frå. Finnøy kan vere stolt av Lars.

Kort om Lars:

Lars Vangen, fødd 9.januar 1987.