Områda i Rennesøy kommunedel som skal kartleggjast.

RENNESØY:

Biologer frå Ecofact Sørvest vil dekke i alt 96 kvadratkilometer i utvalde område, medan Dokkadeltaet nasjonale våtmarksenter AS vil kartlegge 63 kvadratkilometer innanfor utvalde verneområde.,

Arbeidet ein del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur. Miljødirektoratet har valt ut 111 ulike naturtypar som skal kartfestast i heile landet. Av desse naturtypane er 83 raudlista, og 28 er fastsett som viktige leveområde for trua og nær trua artar.

Registreringane skjer ved at dei teiknar inn naturtypane på digitale kart. I tillegg til naturtype skal kvar registrering ha ein vurdering av lokalitetskvalitet basert på tilstand og biologisk mangfald i registrert naturtype. Kartlegginga skjer til fots og områda som skal kartleggast kan innehalde både innmark og utmark.

Ferdige kart vil bli tilgjengelege via Naturbase,  Økologisk grunnkart og Temakart-Rogaland.