Det nærmar seg for dagsturhytta

Innspurten er i gang, og her kjem ein fersk statusrapport.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
"Ørnareiret" i modular. Neste veke er dei på plass på Ørnakulå. Foto: Håvard Østhus

FOGN:

Modulane til dagsturhytta kom med båt til kaia på Sørvåg sundag 24. april. Då var grunnarbeidet ferdig, både til hytta og doen.,

Fyrstkommande onsdag, 4. eller eventuelt torsdag 5. mai skal modulane flys med helikopter til Ørnakulå.

Montering av modulane startar måndag 9. mai, viss framdrifta går som planlagt.

Monteringsarbeidet er berekna å ta rundt 14 dagar, men det kan gå fortare. Det er Lyngstad bygg i Stavanger som skal gjera jobben.

Det betyr at dagsturhytta blir klar i god tid før feirestart.

Grendalaget planlegg ei offisiell  opning av hytta i august. Dei lovar det skal bli gjort på skikkeleg vis.

Helselaget på Fogn har oppmoda alle som kan og vil til å strikka sokkar og pledd til bruk i hytta.