Senterpartiet vil kutta i hurtigbåtprisane
Årsmøtet i Rogaland Sp vil halvera prisane påp hurtigbåtane, mellom anna for å bremsa biltrafikken inn til Stavanger.
Denne artikkelen er over ett år gammel
BÅT:
I uttalen frå årsmøtet blir det vist til at hurtigbåten er eit viktig framkomstmiddel "innad i fjordene" i Ryfylke, ei livsnerve og raskaste vegen for mange.,
Hurtigbåten er kollektivtransport på sjø, heiter det, og Senterpartiet vil difor jobba for auka overføringa til hurtigbåtane og reduksjon i bilettprisar, slik at øysamfunn og bygder utanfor sentrumskjerna kan sikrast eit eit betre kollektivtilbud. Difor vil partiet kutta billettprisane på hurtigbåtane med 50 prosent, mellom anna for å hjelpa Stavanger til å nå målet om nullutslepp og redusera biltrafikken.