Finnøy Idrettslag opnar dørene for nye flyktnigar og gir gratis medlemskap. Foto: Arkiv

FINNØY:

Klubben opnar dørene for alle som vil vera med å spela fotball, uansett aldersklassar. Klubben har og enkelte trimtilbod slik som volleyball og innebandy som flyktninger kan vera med på kostnadsfritt.,

- Me kan ikkje bidra så mykje materielt, med pengar mat eller medisinar, men me vil gjera det me kan. Difor inviterer me alle som vil vera med, og tilbyr gratis medlemskap og fotballtrening til alle nye flyktningar som kjem til Finnøy, seier dagleg leiar i idrettslaget Erik Torger Flesjå-Johansen.

Eit trygt haldepunkt

,-

Kva trur det betyr for dei som no kjem til Finnøy?

- Eg trur å høyra til i eit idrettslag kan vera med å letta integreringsprosessen for dei som kjem nye til ein ukjent stad. Det vil kjennast trygt å ha ein god plass å gå til, oppleva fellesskap med andre. Ikkje minst trur eg det kan fungera som eit friminutt, kor det går an å få litt fri frå for tankekøyret. Fotball snakkar eit internasjonalt språk, og både integrering, samhald, fellesskap og venskap knytes ofte via fotballmiljø. Me vil at alle flyktningar skal føla seg velkommen til Finnøy, sjølv om dei ikkje har sko eller treningsklede. Me fiksar, berre kom. Me heier på FIL og på fred, seier Flesjå-Johansen.

Du kan lesa meir om saka  på FIL si nettside:

https://finnoy-il.spoortz.no/portal/arego/club/807/news/9447244

Idrettslaget oppmodar alle som er, eller som kjem i kontakt med flyktningar, eller som får nye naboar, til å hjelpa dei med å komma i kontakt med idrettslaget.