Svanhild Eggebø Spanne (t.v.) og Sissel Marie Bjerga kan gleda seg over stor pågang på Utsyn.

FINNØY

: Sjølv i vekedagane er aktiviteten stor, stadig med to arrangement same dag. Drifta består i hovudsak av weekendar av ulikt slag, leirar, overnattingsgjester, selskap, bryllaup og ymse tilstellingar. I tillegg kjem cateringen som er ein veksande marknad.,

Stor dugnadslyst

Den faste bemanninga utgjer 1.8 årsverk. Utanom har ho ein fast gjeng på rundt 40 personar på både timebetaling og på dugnadslista! Omrekna i timar utgjer dette rundt fire årsverk totalt med dei tilsette. Snart skal ho utlysa ein ny 50- prosent stilling. -Denne gjengen er fantastisk. Dei er stor årsak at me har klart så mykje som me har gjort dei siste åra, men me ser me treng fleire som kan ha hovudansvaret i helgene når aktiviteten er så stor.

- Å auka kapasiteten og aktiviteten har vore viktig. Og det beste med dette, var å kunne tilsette Svanhild Eggebø Spanne i leiarteamet i fjor. Det har vore eit løft, smiler Sissel Marie. Misjonssenteret har hatt god auke i omsetninga kvart år, unntatt i 2020 då coronaen kom.  Spesielt cateringbiten har auka betrakteleg.

Ulike aktivitetar

Sidan Sissel Marie byrja i jobben for seks år sidan, er meir eller mindre heile Utsyn renovert. Nokon hevdar at ho har snudd Utsyn opp ned.  -Sjølve drifta er nok nokså lik som då eg er overtok, men det har auka i alle ledd. Leir- og weekend er fortsatt hovedaktiviteten, og det er alltid kjekt å bli kjent med nye grupper.

Under koronaperioden nytta Sissel Marie og gjengen hennar nedetida til å oppgradera Utsyn, både ut -og innvendig. Ei betydeleg oppgradering som har kosta snautt sju millionar kroner.

Resultatet blei nytt hovedkjøkken, oppgradering av utearealet, oppgradering av inngangsparti og matsalen. I tillegg har begge salane fått ny himling, som gjer god lyddemping. Frå før var alle overnattingsrom og bad oppgradert, samt møtesalen. -For oss som arbeider her er det først og fremst kjøkkenet som er den store forskjellen og her ligg hovedinvesteringen, men det ser jo ikkje gjestene så mykje til.

Til hausten håper me å utvida spisesalen med 32 kvadratmeter, og vegger i glass. Tiltaket er godkjent, no er det finansieringa det står på.

- Me treng stadig meir plass, og med dette vert det enno meir ope og utsikta over sjøen enno meir storslått.