«Ombo» inn i rutetrafikk neste veke

Det opplyser driftsleiar Anette Røberg i Norled til Øyposten.

Om få dagar fasast Sjernarøy og Foldøy ut av Ryfylkesambandet,  og inn kjem nye og meir miljøvenlege "Ombo" og "Hidle"
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Ferja har ligge ved verftet Westcon i Ølen sidan byrjinga av februar og skal etter alt å døma vera klar til å gå i rutetrafikk i Finnøysambandet i byrjinga av neste veke.,

«Hidle» har vore ute av trafikk den siste tida med problem i propellane, men er sett inn igjen i rute i dag.

Dei to nye ferjene «Ombo» og «Hidle» har kapasitet på 199 personar og 60 bilar. Per i dag går dei på biodiesel, men er klargjorde for bruk av hydrogendrift.

Når begge ferjene no blir klare skal Sjernarøy og Foldøy ut av Finnøysambandet etter å ha gått i Ryfylkebassenget sidan 1999.

- Sjernarøy skal til Sognefjorden og gå i trekantsambandet Hella – Vangsnes – Draksvik i sommar, medan Foldøy blir i området og skal brukast som reserveferje, opplyser Røberg.

Publisert: