– No kjem våren og me bur på verdas finaste stad, seier Steinnes som sette det heile i gang.

– Me starta opp 2. mai, men det er sjølvsagt framleis mogleg i hive seg på, seier ho videre:

– Hanskar og sekkar kan hentast på Kiwi Finnøy, og når søpla er plukka, kan du setje den frå deg og gi beskjed til kommunen om kor dei kan hente sekkane.

Dette gjer du ved å gå inn på denne lenka og markere på kart kor søpla står. Det er viktig at det er plassert ved hovudvegen og at det er lett å finne.

– Det er ikkje for sein sjølv om grøfta er grodd til. Sjølina er ikkje grodd til, seier Steinnes vidare, og oppfordrar folk til å bli med på dugnaden:

– Det kan ryddast langs vegane, langs sjøen, på eiga tomt, eigentleg kor som helst. For søppel er det nok av, legg ho til.

Taggar du bilete av søpla frå ryddeaksjonen på Instagram med #helefinnoyrydder kan du vinnar premiar. Har du ikkje Instagram? Ikkje noko problem. Då sender du berre bilete til June Steinnes i Messenger.