– Eg har allereie gjort avtale med ein familie som vil leige båtplass og ha ein andel i fellesnaustet, fortel Pia Myrvold.

For ei dryg veke sidan la ho ut på Facebook at ho i sommar leiger ut båtplassar i Sæbøvåg på Fogn. Samstundes er ho i konflikt med grunneigar Magnar Sandanger, som har søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen for å bygge ei flyttebrygge med 24 båtplassar i den same vågen.

Myrvold viser til at ho har ein 112 år gamal bruksrett til naust og brygge og at denne retten vil bli kraftig innskrenka av Sandangers installasjon.

Ser ingen konflikt

Kommunedirektøren skriv i innstillinga at det må vere mulig å kombinere Myrvolds bruksrett med Sandangers eigedomsrett:

«Kommunedirektøren legger vekt på at flytebryggen skal plasseres «midt i vågen» slik at den ikke kommer i konflikt med eksisterende brygger.»

Å byggje ut i ei allereie etablert småbåthavn er positivt, står det i saka. Kommunedirektøren viser til at det skal vere tilstrekkeleg med parkeringsplassar og at flytebrygga skal forankrast i land på ein stad der det i dag ikkje er lagt opp til bading eller ferdsel.

«Kommunedirektøren tar stilling til dagens situasjon på søkertidspunktet ved behandling av søknader», står det i saka.

Gammal bruksrett

Pia Myrvolds advokat har til torsdagens utvalgsmøte sendt inn eit notat for å greie ut om den juridiske situasjonen i Sæbøvåg. Advokaten viser til ein skylddelingsforretning frå den 2. oktober i 1911 då Myrvolds eigedom blei utskilt frå Sandangers eigedom. Til den utskilte parsellen følgde rettar til nausttomt og vegrett ned til brygga, går det fram.

Den første eigaren av Myrvolds parsell var Olav Foldøy. Han bygde ny brygge, står det i notatet. I 1924 overtok familien Tytlandsvik, som i 1947–1948 utvida brygga med tilhøyrande pir. I 1950–1951 bygde Tytlandsvik sjøhus, som blei erstatta av eit nytt sjøhus i 1995. I 2008 blei betongbryggene kledd med tre.

Pia Myrvolds eigedom markert med gult og med naustrettane markert som gule rundingar. Foto: Kartverket

På sjølve parsellen i bakken opp frå vågen, dreiv familien Tytlandsvik butikk i mange år. Bryggeanlegget, som var tufta på den gamle bruksretten frå 1911, var viktig for butikkdrifta. I juni i fjor overtok Pia Myrvold eigedomen, med tilhøyrande bruksrett.

Myrvolds advokat skriv: «... eierrettigheter til sjøhus og brygger med tilhørende bruksrettigheter til naustgrunnen er av et slikt omfang at grunneiers (Magnar Sandanger, red.merkn.) strandrettigheter ut fra nevnte sjøhus og brygger vil være vesentlig begrenset.»

Åtte båtfester

Oppe ved den gamle butikken er det eit pakkhus som Myrvold lanserer som eit fellesnaust der båtfolk kan leige plass for lagring av fiskeutstyr, teiner, garn og båtutstyr.

«Hvis interessen er god vil det bli et hyggelig miljø ...» skriver Myrvold på Facebook.

I tillegg kjem altså båtplassane nede ved kaien.

Pia Myrvolds raude sjøhus med tilhøyrande brygge i Sæbøvåg. Foto: Oddbjørg Måland

– Ut frå festene på brygga har eg åtte båtplassar. Eg har alltid ein ledig plass til dei som vil gjeste galleriet mitt, seier Myrvold.

Ho vil nå hevde retten sin til desse plassane:

– Eg kjem frå Paris, den vakraste byen i verda, og så kjem eg til denne vakre vågen. Eg ser store muligheiter for å utvikle ein kulturindustri her, i samsvar med Teal og satsinga på nye inntektsmodellar i øysamfunnet. Men då må me ta vare på det vakre. Ei flytebrygge midt ute i vågen vil gjere at verdien av heile området går kraftig ned.

Vegen vidare

Øyposten har prøvd å få ein kommentar frå grunneigar Magnar Sandanger, men han har så langt ikkje svara på telefon eller tekstmelding.

Pia Myrvold klagar på at utvalg for by- og samfunnsutvikling den 16. mars i år ga Sandanger dispensasjon til å bygge flytebrygge. Torsdag 8. juni vedtok utvalget med seks mot fem stemmer å ikkje ta klagen til følgje. Den går då vidare til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjersle.

Kart som viser Sæbøvåg: