STAVANGER: På rangeringa for 2017 varer Finnøy nummer 144 av dei norske kommunane, mens Rennesøy var nummer 174.

Det betyr at dei to øykommunane har lege i det nedre sjiktet av norske kommunar, ifølge NHOs statistikk.

Kommunane blir målt på næringsliv, arbeidsmarked, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.

Årsaken til at Finnøy scora såpass lågt er at kommunen hadde liten næringsvariasjon, men lågare arbeidsløysa enn dei fleste andre kommunar. Utdanningsnivået er ikkje spesielt høgt og det er får unge i høve eldre i arbeidsstyrken. Finnøy kommune hadde nesten dobbelt så høge utgifter til administrasjon som gjennomsnittet i landet, og låg også over snittet i Rogaland.

Etter samanslåinga med Stavanger er begge kommunedelane nå blitt med i landets femte beste kommune, etter at Stavanger klatra ein plass opp i forhold til i fjor.

Fungerande ordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken er godt fornøyd med plasseringa, og fekk blomster av NHO-sjef i Rogaland, Tone Grindland, i anledning kåringa.

-Eg synes plasseringa er fortent. Stavanger kommune gjer ein kjempebra jobb i forhold til næringsutvikling. Me samarbeidar godt med nabokommunane, og har ein aktiv næringsavdeling. Dessuten har me ei god økonomistyring, seier Dagny Sunnanå Hausken ifølge Rogaland Senterparti.

Finnøy var på 198. plass i 2018, men er nå, som del av Stavanger på femteplass i landet.

Det er NHO som rangerer alle kommunar her i landet etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på næringsliv, arbeidsmarked, demografi, kompetanse, og kommunal økonomi.

Kommuner som gjer det godt, har gjerne mange i jobb, eit variert næringsliv, ein ung og kompetent arbeidsstyrke, høg andel private jobbar, befolkningsvekst og ei god økonomistyring.

Fylkesrangering av kommunane i Rogaland (nasjonal rangering i parentes)

1.    Sola (1) 2.    Stavanger (5)  3.    Sandnes (9) 4.    Klepp (14)  5.    Time (21) 6.    Vindafjord (22) 7.    Haugesund (27) 8.    Tysvær (31) 9.    Strand (36) 10.  Randaberg (43) 11.  Hå (46) 12.  Karmøy (48) 13.  Gjesdal (51) 14.  Eigersund (63) 15.  Bjerkreim (71) 16.  Suldal (104) 17.  Hjelmeland (108) 18.  Sokndal (118) 19.  Lund (129) 20.  Sauda (146) 21.  Kvitsøy (187) 22.  Bokn (196) 23.  Utsira (348)