Eldre mann køyrte av vegen

Onsdag ettermiddag var det ei bilulykke ved utløpet av Finnøytunnelen på Finnøy-sida .

Publisert: Publisert:

Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.31, men då var allereie bilbergar på staden.

– Ein eldre mann frå området hadde eit hendig uhell og køyrte utfor vegen, seier operasjonsleiar Anders Oppedal i Sør-Vest politidistrikt:

– Etter å ha avhøyrt bilføraren, har me ikkje mistanke om noko uloveleg. Me opprettar ikkje sak.

Bilen måtte tauast vekk med mindre skader, medan bilføraren framstod som uskadd.

Bilen traff ein lyktestolpe. Lyse Nett er på staden for å fikse stolpe og ledningar, får Øyposten opplyst onsdag kveld.

Publisert: