– Rennesøydagen kjem tilbake i 2024 og løftet vårt er klart: Dette året skal bli endå betre enn det førre, skriv arrangørane Lykkelig og Ryklame i ei pressemelding fredag kveld.

Etter å ha gått nokre rundar med seg sjølv og med Stavanger kommune, er arrangørane klare for å lage ei «spektakulær helg» i Rennesøy kommunedel i slutten av august neste år.

Skrur opp budsjettet

Rennesøydagen tidlegare i haust blei ein ubetinga suksess med omsyn til publikum. Mellom 3000 og 3500 menneske var innom marknaden i Vikevåg laurdag, anslo arrangørane. Økonomisk var ikkje suksessen like stor.

– Me hadde eit budsjett på kring 300.000 kroner og gjekk med eit relativt stort underskot, seier Tom Egill Tobiassen i Ryklame:

– Nå har me fått positive signal frå Stavanger kommune, og me har tru på at næringslivet støttar oss fullt ut. Så me aukar budsjettet til mellom 500.000 og 600.000 kroner.

Arrangørane har ein avtale med kommunen om å ordne økonomisk tryggheit innan 1. april, går det fram.

Faste postar

Ein god del frå førre festival blir ført vidare.

– Me ønskjer å fortsette med fellesskapsveka, ei veke der me fokuserer på arenaer og fellesskap i heile kommunedelen. Dette blei ein kjempesuksess i år der både skular, barnehagar, bedrifter, kommune, lag, foreiningar og nabolag fann på mange kjekke aktivitetar som styrka samhaldet, står det i pressemeldinga:

– I tillegg ønskjer me å invitere til nok ein opningsfest, og Mastrafjordprisen held fram.

Ideen med Mastrafjordprisen er å heidre ein øybuar som jobbar for samhald mellom øyane.

Slagordet for neste Rennesøydagen blir «Me er me», som skal invitere til refleksjon om lokal identitet og deltaking.

– Me er me! Er du med? spør arrangørane Lykkelig og Ryklame.

Sjå reklamefilmen for Rennesøydagen 2024: