Statens vegvesen melder om lite trafikk forbi Sokn kontrollstasjon måndag, men ikkje mindre enn at kontrollørane fann følgjande feil og manglar.

  • To føretak hadde ikkje gyldig bombrikkeavtale. Her blei det gitt to gebyr på 8000 kroner stykket.

  • Tre fekk 750 kroner i kjettinggebyr.

  • To varebilar hadde overlast og måtte laste ned til tillate totalvekt.

  • Eit føretak mangla dokument og måtte få dette på plass før køyring vidare.

  • Ein lastebil var begjært avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll. Blei avskilta på staden.

  • To måtte sikre last før køyring vidare.

  • Eit føretak mangla transportløyve og måtte skaffe dette før køyring vidare.

Elles var vekter, vinterutrustning og lastesikring i orden, melder veivesenet. I alt kontrollerte dei 68 tunge og 2 lette køyretøy.