Så mange fekk gebyr på Sokn
Måndag kontrollerte veivesenet spesielt større køyretøy og vinterutrustning på Sokn.
Statens vegvesen melder om lite trafikk forbi Sokn kontrollstasjon måndag, men ikkje mindre enn at kontrollørane fann følgjande feil og manglar.
- To føretak hadde ikkje gyldig bombrikkeavtale. Her blei det gitt to gebyr på 8000 kroner stykket.
- Tre fekk 750 kroner i kjettinggebyr.
- To varebilar hadde overlast og måtte laste ned til tillate totalvekt.
- Eit føretak mangla dokument og måtte få dette på plass før køyring vidare.
- Ein lastebil var begjært avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll. Blei avskilta på staden.
- To måtte sikre last før køyring vidare.
- Eit føretak mangla transportløyve og måtte skaffe dette før køyring vidare.
Elles var vekter, vinterutrustning og lastesikring i orden, melder veivesenet. I alt kontrollerte dei 68 tunge og 2 lette køyretøy.