Av Jogeir Aartun
STAVANGER: Jordskiftekartet over Rørheim frå 1912 viser det interesserte arealet og teigane.
Rørheim var gardsnummer 1 i tidlegare Sjernarøy kommune, og seinare gardsnummer 44 i Finnøy. Ved kommunereforma i 2020 blei Rørheim gardsnummer 144 i Stavanger.
Korleis går ein fram? Søk på Jordskifteretten arkiv, deretter må ein skriva inn Stavanger i søkeboks. Sakene vil då liggja i gardsnummerorden i dagens Stavanger kommune. Ein kan finna eventuelle kart og få dei tilsendt til eiga epostadresse.