Difor ligg tåka tett langs land

Søndag kveld blir det varsla meir tåke inn i Ryfylkebassenget.

I eit elles strålande helgevêr har tåke lagt ein liten dempar på utsikta.
Publisert: Publisert:

– Det er mykje havtåke ute i Nordsjøen, seier vakthavande meteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt i Bergen:

– Når det i tillegg har vore nordvestleg bris, så bles tåka inn i fjordane.

I skrivande stund, søndag ved lunsjtider, er det skiftande bris og det er venta at tåka vil løyse seg opp. Til kvelden skal det bli nordvestleg bris att, som sannsynlegvis betyr meir tåke.

– Ute i Nordsjøen kjem det nå fuktig, varm luft inn over kjøligare vatn, og då blir det havtåke, seier Berge.

– Me har ofte dette fenomenet om våren, legg ho til.

Måndag blir det varsla litt regn, men fram mot neste helg, pinsehelga, er det meir godvêr i vente, ifølgje langtidsvarselet på Yr.