Rennesøydagen har fått ny, stilig logo
Arrangørane bak årets Rennesøydag satsar tungt på marknadsføring.
RENNESØY: Dei har laga ein heilt ny profil, laga heimesida www.rennesoydagen.no og vil vera synleg til stades på sosiale medier.
-Me brukar fargane blå, grøn og gul i den nye profilen. Blått for havbruk og det innovative. Grønt for landbruk, berekraft og at me er kjent for å vera dei «grøne øyane», gult for markene og det positive, seier Tom Egill Tobiassen til Øyposten.
I logoen til Rennesøydagen er det velkjente landemerket «Pilå» med. Ifølge Tobiassen er den er brukt som ikon både fordi den er eit kjent landemerke i kommundelen og også utanfor.
-Samstundes likar me tanken på at Rennesøydagen viser veg, seier Tobiassen.
-Rennesøydagen er ein viktig dag, og tema for årets festival er «Kjenn på fellesskapet». Me ynskjer å koma saman å skapa noko unikt for kommunedelen, legg Tom Egill Tobiassen til.
Den nye profilen har med Rennesøy sitt kjente ikon, «Pilå», og fargane er grønt og blått.
Den grafiske profilen er laga av Ryklame.
-Grønt er fargen for det innovative, mens blått er for landbruk, havbruk og miljø. Me er jo dei «Grøne øyane», seier Tom Egill Tobiassen til Øyposten, som understrekar at Rennesøydagen skal vera eit samlingspunkt for alle i kommunedelen.