Kenneth Salte frå Østhusvik har søndag formiddag lagt ut denne meldinga på Facebook:

«Da har jeg testet hele det nærmeste av Forsvollsvatnå. Boren min er 12 cm og jeg kom ikke til vann bortsett fra i osen mellom vatna. Parker hensynsfullt, vipp inn speil og lukk porten pga beitende dyr. God fornøyelse!»

Laurdag ettermiddag trefte Øyposten Kenneth og familien ved den mindre Ørnhustjørna i Østhusvik der dei hadde kosa seg på isen heile dagen.

Me minner om at det er grunn til å vise isvett, ikkje minst på litt større vatn. Torsdag målte Stavanger kommune istjukkelsen på Lauvsnesvatnet på Finnøy og Vikestemmen på Rennesøy, og då mangla det mange centimeter før dei kunne sei at isen er trygg. Før kommunen tilrår ferdsel må isen vere minimum 13 centimeter tjukk og av god kvalitet, skriv dei på nettet.

Kart som viser det næraste Førsvollsvatnet: