Gang- og sykkelvegen kan bli utsett til 2028

Kommunen åtvarar om at bygginga av gang- og sykkelvegen frå Judaberg til Nådå kan bli utsett til 2028, viss det skal leggjast jordkabel under.

Det er farlege forhold for mjuke trafikkantar på strekninga Nådå-Fåhadlet.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Det går fram av papira til formannskapet på torsdag. I saka påpeikar kommunedirektør Per Kristian Vareide at ei samkjøring av dei to prosjekta mest sannsynlig vil utsetja gang- og sykkelveien frå 2025 til 2028.

Som Øyposten har omtalt før har Lnett i brev til fylkeskommunen gjort det klart at selskapet ikkje kan dekka meirkostnadane ved å leggja jordkabel.

For å kunna dekka meirkostnaden, må det takast over nettleiga og godkjennast av NVE. Men med dei føringane som ligg frå statleg hald må meirkostnadane mest sannsynleg dekkast av kommunen.

Slik er gang- og sykkelvegen foreløpig planlagd.

Må grava opp eksisterande sykkelveg

Det blir dessutan peika på at deler av den eksisterande gang- og sykkelvegen frå Fåhadlet til Finnøy Motor-bygget, kor den nye trafostasjonen er planlagd, også må gravast opp og leggjast på ny.

Det kan også leggjast trekkerøyr i grøfta, men ulempen er at det vil gi eit krafttap i jordkabelen på 20 prosent, ifølge kommunen. Det vil også medføra ein meirkostnad, men fordelen er at traséen ikkje treng gravast opp igjen.

Kommunedirektøren peikar også på ei delt løysing, kor det blir lagt jordkabel til Nådå og luftspenn vidare. Dette alternativet har ikkje Lnett spelt inn til NVE, men det er mulig å spela forslaget inn til NVE for utgreiing, skriv Vareide.

«Dermed plasseres kraftledningen i bakken der den er tettest på
bebyggelsen og boliger. Dette vil kunne være rimeligere enn jordkabel langs hele strekket», heiter det frå kommunedirektøren.

Må venta på kostnadsoverslag

Uansett må det lagast ein ny avtale kor det blir kontraktfesta kven som skal betala meirkostnadane med jordkabel. For avtalen mellom fylket og kommunen gjeld bare bygging av gang- og sykkelvegen, kor Stavanger kommune og fylket bidreg med 15 millionar kroner kvar.

«Stavanger kommune og innbyggerne på Finnøy har ytret ønske om å vurdere jordkabel i samme trasé som gang- og sykkelveien. Å legge kraftledningen som jordkabel og samkjøring av prosjektene vil medføre en betydelig merkostnad, som må dekkes av partene som ønsker jordkabel, dvs. Stavanger kommune.

Dette vil også kunne utsette ferdigstillelse av gang- og sykkelveien med flere år.
Kostnadsoverslag fra Lnett vil foreligger først høsten 2023. På det tidspunktet vil også prosjekteringen av gang- og sykkelveien ha kommet i gang. Da vil en ha et godt grunnlag for å kunne ta stilling til mulig samkjøring av disse to prosjektene», skriv Vareide.