Fognbuar vil ikkje ha dei nye kraftlinjene over seg

Legg jordkabel, var oppfordringa frå fognbuar då NVE og Lnett var på synfaring på Fogn.

Terje Kjølvik forklarer korleis det vil opplevast å få den nye linja over eigedommen sin til delegasjonen frå NVE og Lnett.
Publisert:

FOGN: Ein heil delegasjon frå Norges Vassdrags og Enerigdirektorat og Lyse-selskapet Lnett var nyleg på synfaring på Fogn for å få innspel om den nye kraftforbindelsen som er planlagt over øya.

Det er den nye 132 kilovoltslinja som skal gå frå Strand over Fogn og Finnøy til Rennesøy det er snakk om.

Delegasjonen stoppa to stader, hos Terje Kjølvik og hos Arild Langeland. Og begge meinte at det desidert beste alternativet var å leggja jordkabel. Grendalaget på Fogn har peika på eidet mellom Hålevågen og Eidsvågen som ikkje er breiare enn ein liten kilometer som alternativ for jordkabel, og sjøkabel vidare til Finnøy.

Arild Langeland blir orientert av Torbjørn Grødem i Lnett og Tanja Midtsian i NVE om den nye kraftforbindelsen.

Terje Kjølvik fryktar at viss det blir luftlinjer, så vil den nye forbindelsen koma farleg nær huset hans.

-Då kjem det ikkje til å bu folk på denne garden, ga han tydeleg beskjed om. Dessutan har han ein son med familie som gjerne vil flytta heim til Fogn, og vil prøva å skapa arbeidsplassar på øya.

-Han vil gjerne byggja på garden, seier Terje Kjølvik, og viser delegasjonen den påtenkte tomta med flott utsikt like til Stavanger.

-Men viss linja kjem som planlagt blir det neppe aktuelt, kokluderer han, og legg samstundes til at han ikkje vil pressa linjetraséen over på naboar.

-Det blir ikkje vakkert med ei linje over hovudet, slår Kjølvik fast, og lurer på kvifor det mest er snakk om luftlinjer.

Dette er eit av alternativa for trasé over Fogn. Den gamle linja skal bort når den nye blir bygd. Desse mastene er 12 meter, dei nye kan bli 28 meter høge.

Luftlinjer er billegast, er svaret han får, og viss det oppstår feil, er det meir utfordrande å fiksa feilen i ein sjø- eller jordkabel.

Kjølvik ville også vita kor høge master det kan bli snakk om, og frå Lnett si side blei det opplyst at dei kunne koma opp i knappe 30 meter.

Etterpå tok delegasjonen turen til Arild Langeland, kor traséen for luftlinjene er planlagt over eigedommen hans. Også han vil helst unngå luftlinjer, og peikar på grendelaget sitt alternativ som det beste.

Grendalaget på Fogn foreslår å grava ned kabelen over det smale eidet mellom Hålevågen og Eidsvågen.
Publisert: