Færre enn før reiste på hytta i haustferien
Både Joker Eriksholmen og Joker Skartveit melder om færre hyttefolk enn før. I Helgøysund er det først og fremst båtfolket som har svikta.
HANDEL: -Haustferien er viktig for oss i ei elles roleg tid for butikkane, seier Kine Aartun Norheim til Øyposten. Ho driv Joker Eriksholmen på Sjernarøy, og har inntrykk av at det er færre som har reist på hyttene i denne haustferien enn tidlegare.
-Det kan sjølvsagt ha med vêret å gjera, det har ikkje vore det alle beste. Eller det kan skuldast straumprisane. Det er ikkje godt å seia, meiner ho.
Også Joker Skartveit har inntrykk av at det er færre folk på hyttene enn kva det brukar å vera i haustferien. Anita Torp Ørnes, som driv Joker Skartveit, meiner også at vêret kan ha spelt inn.
-Men eg trur også at mange synes det er for dyrt å varma opp hytta bare for nokre dagar, med dei høge straumprisane som er, seier ho.
Skartveit har likevel hatt ein del båtar i gjestehavna, både større og mindre båtar.
Oddfrid Nygård Nedrebø, som driv Joker Helgøysund, trur det har vore ein god del folk inne i ferien.
-Det har i alle fall vore mykje bilar med ferja. At ferja er blitt gratis hjelper nok på. Men i båthavna har det vore labert, seier ho.
På Kyrkjøy kosar Arild og Tone Fredriksen seg i hytta saman med dottera Marie og barnebarnet Amanda.
-Heldigvis bandt me straumprisen for eit halvt år sidan på 79 øre, seier dei. Dermed brukar dei hytta så ofte dei kan, utan å måtta bekymra seg for mykje for dyr «hyttestraum».
-Men når me ser over til Bjergøy har det vore mange hytter utan lys i haustferien, seier Arild Fredriksen.
Også Rune Hatlestad frå Hundvåg brukar hytta si på Nord-Talgje ofte. Han har fleksibel arbeidssituasjon, og kan ha ein del heimekontor.
-Eg fyrer med ved og sparer på straumen på den måten. Veden får eg hogga hos naboen, seier han, og har nettopp installert varmepumpe i hytta.
-Straumforbruket vårt nå er nok 15–20 prosent lågare enn før, anslår Hatlestad. Straumrekninga har likevel gått opp frå ein tusenlapp i månaden til 4000 kroner.