Skeiseid & Co gir seg i Tomatfestivalen, nye kostar på plass

Etter totalt 15 år som festivalansvarleg takkar Ryfylke Livsgnist for seg i Tomatfestivalen. Even Isachsen og Tore Dahl blir dei nye frontfigurane for festivalen.

Publisert: Publisert:
Styrleiar i Tomatfestivalen, Arne Bergøy (t.v.), gratulerer Even Isachsen frå eventbyrået Mango i Stavanger med oppdraget med å arrangera neste års Tomatfestival. Bak Isachen står Tore Dahl, også frå Mango, pluss Silje Vignes Flesjå og Tor Øyvind Skeiseid.

FINNØY: - Det er både skummelt og utruleg kjekt å ta over arbeidet med Tomatfestivalen. Festivalen har etablert seg som ein av dei mest kjente og solide festivalane me har i Rogaland, seier Even Isachsen.

Han er dagleg leiar i eventbyrået Mango med 10 tilsette og adresse Stavanger. Iføllge heimesida til selskapet har dei til dømes Equinor, Sandnes kommune, Viking og Altibox på kundelista. Firmaet marknadsfører seg som «eit friskt pust med tyngde».

Det første store prestisjeprosjektet nå er at Mango har det tekniske ansvaret for utdelinga av Nobels fredspris i desember.

Mango står for «Mange gode opplevingar», og er eit nystarta firma med 10 tilsette.

Even Isachsen bur på Finnøy, og kjenner godt til festivalen. Han har tidlegare site i styret i Tomatfestivalen, på vegne av Finnøy Idrettslag. Dessutan har han jobba dugnad den helga, som andre FIL-medlemer.

- Tomatfestivalen set øysamfunna våre og tomatnæringa skikkeleg på kartet. Nå skal me ta med det gode frå dei siste festivalane, og samtidig finna nye og spennande aktivitetar og konsept, lovar Even Isachsen.

Arne Bergøy (t.v.) og Even Isachsen underskriv avtalen, som gjeld for to år, foreløpig.

Livsgnist gir seg

- Eg er både letta og glad på ein gong, når eg veit det er Even og co som tar over, seier dagleg leiar i Ryfylke Livsgnist,Tor Øyvind Skeiseid.

Frå starten i 2003 og dei 10 første festivalane var han festivalsjef. I 2018 kom Ryfylke Livsgnist tilbake som festivalansvarleg. Alle fire i Ryfylke
Livsgnist har jobba med festivalen, med Silje Vignes Flesjå som festivalsjef.

- Det var vemodig å vita at årets festival var vår siste. Samtidig var det dess kjekkare at det blei ein så vellukka festival i år med besøksrekord på laurdagen. Eg er imponert over kva komiteen, styret, festivalleiinga og dugnadsfolket får til i lag, seier Silje Vignes Flesjå.

Første oktober slutta Vignes Flesjå i Ryfylke Livsgnist, då eit nytt og spennande jobbhøve dukka opp. Samtidig kjente livsgnist-sjefen sjølv på at tida var inne for endring.

- I juni gav me styret beskjed om at me ikkje ønskte å fornya kontrakten. Det er ei tid for alt, og nå var det på tide å overlata roret til andre. Festivalarbeid er både givande og heftig. Eg innrømmer det skal bli greit å ha sommarferie utan å ha ein festival som følgjer tankane dine, opplyser Tor Øyvind Skeiseid.

Kontrakt for to år, foreløpig

Det er Even Isachsen som blir festivalsjef. Saman med prosjektleiar Tore Dahl i Mango, vil dei to fronta festivalen, eit arbeid som også vil involvera fleire i Mango.

- Nøkkelen blir å halda fram det gode samarbeidet som er med styret, festivalkomiteen, dugnadsfolket i Finnøy Idrettslag og alle samarbeidspartnarane, understrekar Even Isachsen og får følgje av kollegaen:

- Det er verkeleg tøft det som folk i Finnøy har fått til. Festivalen skapar høgdepunkt på høgdepunkt. Og eg kjenner meg heime her, familien vår har trass alt hytte på Halsnøy, påpeikar Tore Dahl.

Styreleiar i Tomatfestivalen Arne Bergøy, er nøgd med at avtalen med Mango er på plass.

- Nå får me inn nye, offensive krefter, som verkeleg har lyst å trekkja festivalen vidare mot nye mål og gode opplevingar. Me har tru på at Even og Tore i Mango skal gjera ein solid jobb, trur Arne Bergøy, og legg til:

- Me må nytta høvet til å takka gjengen i Ryfylke Livsgnist for den jobben dei har gjort med å heva Tomatfestivalen mange hakk desse åra. Med Ryfylke Livsgnist sin entusiasme og engasjement, har me i styret kvart år vore trygge på at festivalane ville bli avvikla på beste måte. Når dei valde å takka for seg, er me utruleg glade for at me nå har nye til å overta. Mango har i første omgang skrive kontrakt for dei to neste festivalane.