STAVANGER: Mulighetsstudien for Vikevåg kjem opp til behandling i utvalet for miljø og utbygging i Stavanger på onsdag, men kommunedirektøren har ikkje tatt hensyn til vedtaket i kommunedelsutvalet.

Eit samla utval i Rennesøy går nemleg inn for at det blir nybygg for helsetenestene i Vikevåg, i «henhald til intensjonsavtalen». Kommunedelsutavlet ville ha ein kombinasjon av alternativ A og B, men det innstiller ikkje kommunedirektøren på

Alternativ A er det beste, er oppfatninga i Stavanger kommune. Det inneber totalrenovering av Kulturhuset Meieriet, som vil framstå som eit nytt bygg og vera med og skapa liv i sentrum. I meieriet blir det foreslått å samlokalisera Innbyggartorg med kafé, innbyggarservice, bilbiotek, frivillighetssentral og plass til ungdom og fritid i tredje etasje.

Storsalen i meieriet forblir uendra, og i helsehuset på toppen ac Coop’en skal det blir helsestasjon, legekontor, tannlege pluss miljøteneste.