FINNØY: -Det er mange som ikkje har slått på Finnøy endå, mens på Talgje for eksempel er mykje hausta, seier Odd Bleie. Han hjelper sønnene Steinar og Erik i slåtten på Mjølsnes.

At det er litt seinare på Finnøy trur han skuldast at det er mykje sau på øya, som beiter på ekrene. Dermed blir slåtten litt seinare.

Oppgåva hans er å styra den automatsike jamnaren i siloen.

-I min ungdom avanserte me frå siloen via låven til traktoren, og nå er det tilbake til låvegolvet igjen. Dermed er ringen slutta, seier Odd Bleie lunt.

Sverre Emil Mjølsnes held «reina» langs muren rein for høymolrot, gras og gåsalabb. Foto: Rune Nedrebø

Det er svigerdottera Ragna Kristine Bleie-Landa som forpaktar tre gardarar på Mjølsnes på til saman 252 mål, av det er 165 dyrka.

-Det er godt å få koma i gang med slåtten, men det er på grensa til at det er forsvarleg å kjøra utpå. Men det går, seier han.

-Korleis er det med gras?

-Ganske bra, heilt normalt, eigentleg, seier Steinar Bleie, som har ein kvote på 165 tonn pluss stutslakt og åtte ammekyr å fôra.

Det er ein kunst å bakka utan å somla, men Steinar Bleie kan kunsten. Foto: Rune Nedrebø

Fôrhausting, slik som her på Mjølsnes, begynner å bli sjeldnare å sjå. I Danmark er fôrhaustaren sett på museum, og Erik Haraldseid Bleie, bror til Steinar, kan opplysa at dei også på Jæren skal ha «museumsdag» for fôrhaustar.

-Det går seinare å fôrhausta, enn med dagens moderne hausteutstyr. Men det er fortsatt ein god haustemetode, meiner han.

-Sirkelen er slutta, nå er eg tilbake på låvegolvet igjenm, seier Odd Bleie. Foto: Rune Nedrebø