SJERNARØY: Det er Joker Eriksholmen og Sjernarøy idrettslag som går saman om arrangementet.

Som vanleg, er vel rett å sei, skal Skartveit arrangera «minitouren» for 5. år på rad.

Sykkelrittet som er Norges største for barn, går av stabelen på Sjernarøy tysdag 2. august. Arrangementet på skal skje på skuleplassen med litt varierande vanskelegheitsgrad. Dei eldste deltakarane får litt fleire utfordingar enn dei små.

- Det er kjempekjekt at me skal arrangera sykkelrittet på Sjernarøy i år. Eg tok kontakt med arrangøren, og responsen var positiv med ein gong, seier Kine Aartun Norheim på Joker Eriksholmen.

Forutan Sjernarøy og Skartveit skal sykkelrittet arrangerast tre andre stader i Rogaland i år; Sandnes, Sauda og Egersund.

God stemning i Skartveitvågen under sykkelløpet. Kanskje blir det like bra i år også. Foto: Privat

På Skartveit er rittet måndag 1.august. Løypa er den same som tidlegare år, og startar med ein klatreetappe frå butikken og opp til bedehuset.

På toppen er det strake vegen eit lite stykke før utforkøyringa inn mot målområdet.

Tour of Norway for kids er gratis. Alle som deltek får t-skjorte og premiar, og det er ope for alle mellom 0 og 12 år som har hjelm og sykkel.

Vel i mål får deltakarane kvar sin velfortente premiepose. I tillegg får heldige vinnarar kvar si sykkeltrøye trykt med startnummer.

Påmelding skjer på heimesida til Tour of Norway for kids.

Forutan Sjernarøy og Skartveit skal sykkelrittet arrangerast tre andre stader i Rogaland i år; Sandnes, Sauda og Egersund.