Det var i går ettermiddag, i samband med med møte i utval for "By- og samfunnsutvikling", at Jan Bokn hadde fått høve til leggja fram sitt syn på det betente rivingspålegget som Fylkesmannen i Rogaland har kome med i naustsaka. Eit rivingsvedtak som er påklaga frå naustbyggjar, og som også politikarane i den nye kommunen, no har valgt å sjå på.,-"Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv", innleia Runestad, og siterte dermed Arnulf Øverland.Han ba innstendig politikarane om på ny å ta opp den drifts- og landbruksbaserte argumentasjonen som ligg til grunn for alle tidlegare lokalpolitsike vedtak i saka i Finnøy kommune. Heilt tilbake til 2009, då søknaden første gong blei behandla, og Jan Bokn fekk grønt lys til å renovere naustet sitt av både kommune og Fylkesmann.,-Eg ser no at administrasjonen igjen peikar på moglegheita til heller å sjå på alternativet med å renovere ei  11 kvadratmeter stor sjøbod. Dette alternativet blei vurdert og forkasta av Fylkesmanenn alt i 2009. Nå viser det seg også at denne sjøboden, som er over 200 år gamal, er registret som verneverdig i det såkalla "Sefrak-registeret".Difor forbausar det meg at administrasjonen no igjen kjem opp med dette alternativet , sa Runestad i sitt 15 minuttar lange innlegg. Det gjennom ein seanse der  også politikarane fekk høve til å stilla spørsmål til både Runestad, og nausteigar Jan Bokn.,-Der gjentok represtanten, Mats Danilesen (FrP) spørsmålet om sjøboden som eit aktuelt alternativ, men fekk på ny bekrefta dei vernemessige utfordringane som ei slik utbygging ville føra til.,-Me må no bruka tida godt dei neste 14 dagane til å laga eit skikkelge og grundig vedtaksdokment som kan få Fylkemannen til å sjå på denne saka på ny, seier Danielsen til Øyposten.,-For dette rivingsvedtaket kan på ingen måte bli ståande, sa ein noko oppgitt politikar. Han viste til dei mange, etter hans meining, regide vedtak og saker som Fylkesmannen sitt embetsverk no har gått i klinsj med stavangepolitikarne på.,

Også representanten John Peter Hernes var tydeleg på at Høgre kom til å visa til alle tidlegare vedtak i Finnøy kommune i saka, og på det grunnlaget be om ei ny gjennomgang på rivingsvedtaket.

Klagesaka vil bli realitetesbehandla i Utvalet for by- og samfunnsutvikling i neste møte, den 17. september.