Dei smiler, trass i lange og travle dagar: F.v: Dagleg leiar Ingvild Høie, Edita Andrejevas, Vitalijus Andrejevas, Inga Andrejera, Alma Venslauskiere.

RENNESØY: Det seier dagleg leiar ved Ryfylke fellespakkeri på Østhusvik, Ingvild Høie.,

Kvar dag får ho inn trailerlass med tomatar i ulike varianter ifrå produsentar på Rennesøy, Finnøy, Talgje, Ombo og Idse. Når dei kjem til pakkeriet på Rennesøy skal dei sorterast og pakkast før dei går vidare i systemet. Coop sine tomatar blir frakta til Bryne, derifrå ifrå blir dei distribuert til avdelingar over heile landet. Bama hentar tomatane sine sjølv på pakkeriet, og distribuerer mellom 15 – 20 prosent i Rogaland, resterande blir fordelt over heile Norge.

- Ifrå sesongstart i fjor, det vil sei ifrå april til midten av juni, pakka me 473 tonn runde tomatar. På same tidspunkt i år var talet 660 tonn. Det er ein auke på 187 tonn, eller rundt 30 prosent. Og det kjennes, smiler Høie.

- Kva skuldast denne veldige auken?

- Eg trur me kan sei korona, men det kan sjølvsagt vera andre ting og. Folk er flinke og gjer som dei har fått beskjed om; å handla norsk. Når tida er slik me opplever den no, trur eg mange kjenner på at det opplevast trygt å kjøpa norske produkt. Forbrukarane stoler på norsk kvalitet, og dei  har blitt meir bevisste. Eg håper trenden vil fortette også etter korona.

Bjarte Åsbø i Grøntprdusentenes samarbeidråd (GPS), er einig med Høie i at forbrukarane har blitt meir bevisste, men det er framleis langt igjen.

- Ja, diverre, me er mest opptatt av pris og mindre av kvalitet. Dei norske tomatane er under hardt press frå utanlandske importtomatar som er billigare. Verken smak, kvalitet eller krava til produksjon står i forhold til dei norske. Viss me som forbrukarar vil ha smakfulle, trygge og berekraftige tomatar, må me kjøpa norske, så enkelt er det, seier Åsbø.

På pakkeriet er det fire tilsette, utanom Ingvild, som alle er i frå Litauen. Dei fleste har jobba i mange år og er såleis svært drilla i jobben. Arbeidsdagen, inkludert laurdag, startar klokka 0600, og sluttar når det ikkje er meir tomatar igjen å pakka. I tillegg er det to trailersjåførar som bokstavleg talt held hjula i gang bort imot 24/7.

- Kva tomatar er mest populære?

- Det er slik at ulike typar tomat fyller forskjellige funksjonar. Ei tomat er ikkje berre ei tomat. Samansettinga endrar seg etter behov i forhold til kva forbrukarane til ei kvar tid ynskjer. Dei som bruker tomatane i hovudsak i salatar, vil ha dei søte og skjerefaste, medan dei som koker middag med tomatar, vil ha dei store og blaute. I Norge deler me tomatmarknaden i to, privatkundemarknaden, som helst vil ha små, søte spesialtomatar, og storkjøkkensegmentet, hotell, restaurantar og kantiner som bruker mest store runde tomatar, fordi bli skorne og kutta, seier Åsbø.

I fylgje Nofina sine heimesider utgjorde salet av tomatar i Norge for 25 år sidan rundt 200 millionar kroner, i fjor var talet snautt éin milliard kroner.