Kystverket gav 28. mars 2012 godkjenning av Brennevinsgrunnen i Finnøy kommune til eit oppdrettsanlegg for Bremnes Seashore, men lokaliteten er aldri teken i bruk. Grunnen er at den er utsett for mykje dårleg vêr.,

No har oppdrettsselskapet tenkt å starta opp med oppdrett av laks og aure, men møter motstand frå Forsvaret, som meiner delar av anlegget vil vera innanfor det militære forbodsområdet. Forbodsområdet er rundt NATO FORACS-stasjonen i området. Det har Forsvaret instrument som blir brukt for testing av eigne og allierte fartøy, går det fram at eit brev til Finnøy kommune.

Forsvaret orienterer i brevet også om at det vurderer å utvida forbodsområdet. Ei slik utviding vil føre med seg at heile anlegget vil liggja innanfor forbodsområdet. Konklusjonen er at Forsvaret oppmodar Bremnes Seashore om å revurdere plasseringa av det planlagde anlegget og presiserer for sikkerheits skuld at aktivitet i strid med forbodsområdet «ikke vil bli tillatt».