-Me har god dialog med politikarane, meiner Finnøy-rådmann Karin Dokken Austvik, her saman med ordførar Henrik Halleland.

I siste nummer av Øyposten seier Olav Halsne at administrasjonen i Finnøy kommune ved rådmannen er på kollisjonskurs med eit samla politisk miljø. Det gjeld i saka om søknad om utvida båtlagring på Bjergøy, som Øyposten har ein reportasje frå.,

Men Dokken Austvik vil ikkje skriva under på at det er ein grunnleggjande konflikt mellom politikarane og administrasjonen i Finnøy i utbyggings- og frådelingssaker.

Tilfeldig

- Det er ikkje mitt inntrykk at det er stor grad av motsetning mellom rådmannen si innstilling og utvalet sine vedtak, men det skjer av og til. Det skjedde i fleire saker i siste møtet i forvaltningsstyret. Kva det kan skuldast er ikkje godt å seia, eg trur det er litt tilfeldig, seier Dokken Austvik til Øyposten.

Ho legg til at ho heller ikkje har registrert at det har kome synspunkt frå politikarar på at administrasjonen er på generell kollisjonskurs.

- Eg opplever at me har god dialog med politikarane, held Dokken Austvik fram.

Finnøy-rådmannen seier at administrasjonen skal leggja til grunn moment som kva som er  praksis i liknande saker og kva lov og avtaleverk seier, når dei gir sine råd til politikarane.

-Er det administrasjonen som er for streng eller er det politikarane i Finnøy som er for slepphendte.

Krevande

- Eg trur ikkje det finst eit opplagt svar på det, det er krevande å vera lokalpolitikar tett på folk. Eg eg ser at dei i det siste møtet har ønska ei anna retning enn me har foreslått. Det er heilt greitt for oss, me må skilja mellom politikk og administrasjon, seier Finnøy-rådmannen.

Når det gjeld den konkrete saka om båtlagring på Bjergøy, viser ho til at saka har vore ute på høyring.

- Eg registerer at politikarane sterkt ønsker dette. Fylkesmannen på si side har sagt at noko av verksemda kan godtakast, men ikkje alt. Så vil me laga ei innstilling ut frå dette, seier Dokken Austvik.