Cathrine Selvaag og Anders Schanche Rettedal.

Schanche Rettedal driv Klostergarden ved Utstein Kloster med 600 vinterfora sauer, 30 limousine kjøttfe og 1400-1500 slaktegris. Saman med kona Inger Lise Rettedal har han utvikla suksessen Klosterlam, som har leverandørar både frå Finnøy og Rennesøy i tillegg til lam frå eige bruk.,

Cathrine Selvaag er opphavleg frå Grimstad, er gift og Frode Selvaag og driv firmaet Ryfylkekokken og Landahuset i Steinesvåg på Finnøy  saman med han.

Nå er dei to havna i same kommune, i Stavanger, kva vil det bety?

Cathrine Selvaag trur den nye kommunen blir bra.

-Me vil få større tyngde saman med Stavanger enn å stå åleine, då var me veldig sårbare. Nå får me eit større fagmiljø å lena oss på, meiner ho.

Dei to blir fort enige om at det er mange fellestrekk mellom dei kommunedelane Finnøy og Rennesøy. Begge har vore øykommunar med sjøen som felles referansepunkt. Landbruk og gartneridrift har tradisjonelt vore store næringar.

-Men det er også klare forskjellar som me skal vera stolte over, meiner Cathrine Selvaag.

- Finnøy har eit meir variert næringsliv, medan landbruk og pendling dominerer i Rennesøy.  Kommunedelen Finnøy har også mange øyar som ikkje er landfaste å ta hensyn til, og vårt fokus vil også vera der, seier Cathrine Selvaag.

Anders Schanche Rettedal seier fjorden mellom Finnøy og Rennesøy før tunnelen kom til tider har vore brei.

-Østhusvik har frå gamalt av vore meir retta mot Ryfylke, medan Vikevåg og Mosterøy har hatt ein tendens til å sjå andre vegen, mot bylandet, seier han.

Rettedal trur dei to kommunedelane nå kjem til å koma stadig tettare saman.

- Både Finnøy og Rennesøy vil fort bli utkantar i den nye kommunen etter kvart som tida går. Då vil me ha mykje å vinna på å stå saman. Me ser alt nå kor viktig det er å snakka saman i saker som gjeld begge øysamfunna, meiner Kloster-bonden, som nemner forslaget til nye reglar for båndtvang som eit godt eksempel.

Selvaag er enig, men meiner samstundes det er viktig å ta tida til hjelp.

-Det nyttar ikkje å springa fortare enn toget. Me er litt ulike i dag, og skal vera stolte av det me har. Dette må modnast, seier ho.

-Kva med Øyposten oppi dette, kan avisa få nokon ny rolle som felles talerøyr for dei to kommunedelane inn til makta i Stavanger?

-Me skulle gjerne hatt ei avis som dekkar begge kommunane og tek opp felles problemstillingar. Me er i felles båt, og ei felles avis ville bidratt til å styrkja samhaldet mellom dei to kommunedelane. Om det skal vera Øyposten eller ei anna avis, må innbyggjarane avgjera, er dei to enige om.