I går kveld blei båten observert med kikkert på Vignes i går, og i dag, torsdag ligg den ved Judaberg. Ifylgje nettsida

Det har ikkje lukkast Øyposten å finna ut kven som eig båten, men ifylgje nettsida er det mogleg å chartra båten, for så lite som 3 millionar kroner i veka. Interiøret på båten er designa av Laura Sessa Romboli, og eksteriøret er designa av Tim Heywood design. Den 180 fot store båten kan ta opp til 12 gjester i seks rom.

Båten har marsjfart på 13 knop, og har ei maksfart på 15,5 knop. Om bord finst det blant anna eit svømmebasseng.