BRU: − Viss ikkje det skjer noko snart ser eg meg naudt til å gå til rettslege skritt. Eg kan bruka ,<a href="https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1961-06-16-15">naboloven</a>,, og då er eg sikker på at dei ville ha tapt, seier Tor Bernhard Harestad til Øyposten.

Dei to supplyskipa ligg fortøydd ved den kommunale kaien på Bru, like ved makrellmottaket til Harestad. Der har dei lege i fleire år.

https://www.oyposten.no/2021/08/06/kanskje-sa-mykje-som-100-tonn-olje-i-rustholkane-pa-bru/

100 tonn olje

Fredrik Hauge i Bellona var på befaring med dette for auga på Bru i august. Då sa Hauge til Øyposten at han trudde det kunne vera så mykje som 100 tonn diesel- og hydraulikkolje, pluss anna miljøavfall, i skipa.

Etter besøket blei det oppretta ei arbeidsgruppe som skal jobba med saka i Stavanger kommune. Men så blei det stille.

− Etter det har det ikkje skjedd ein dritt. Eg tenkjer det kan vera greitt å minna dei på det, og krevja handling. Me vil ikkje ha ein vinter til kor me må ligga å høyra på bråket frå desse båtane heile natta, seier Harestad.

Arkivfoto: Kurt Idland frå Stavanger kommune (t.v.), Helge Bjørnestad og Fredrik Hauge diskuterte kva som kan gjerast med dei to supplybåtane som har lege på Bru i seks år. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Gjekk konkurs

Firmaene som leigde plassen av kommunen gjekk etter kvart konkurs, men skipa blei liggjande igjen.

− Dei fekk jo lov å ligga der til begynna med, på grunn av mannskapsskifte for oppdrag i Nordsjøen også vidare. Og det godtok me, men nå har det gått mange år, seier Harestad.

Det kan kanskje virka som om saka har stoppa opp hos kommunen, men dei jobbar med den, forsikrar Kurt Idland, kommunalsjef idrett og utemiljø, i Stavanger kommune. Han understreker at det per no ikkje er noko som tilseier at skipa skal vera eit problem for miljøet der dei ligg no.

− Me fekk kontakt med noverande eigar av «Sea Safety», Varanger Seafood, i juli. Frå deira side er alt oppgjort hos oss. Leiga er betalt og skipet ligg der i tråd med avtalen. Me har difor ikkje noko å utsetja på akkurat dette, men me ønskjer altså at dei fjernar skipet.

Eit alternativ er at firmaet får godkjenning på vidare bruk av skipet, eller at dei sel det.

− Når det gjeld skipet MS Sea Pilot, er det vanskeleg for meg å svara på. Det er vår juridiske avdeling som er på saka, i og med at det ikkje er råd å få kontakt med eigaren i utlandet. Me kan krevja tilsyn. Men då må me ha eit rettsleg grunnlag for å entra båten.

Idland seier han forstår at ein kan stille spørsmål over kor lang tid det har teke, men at kommunen gjer det som er mogleg, med dei ressursane dei har.

− Me gjer det som kan gjerast, men me er nøydd til å gjera det i tråd med lover og reglar, og det tar dessverre tid, avsluttar han.