Etter tips frå publikum har lensmannen ved Ryfylkeøyane lensmannskontor, Bjørn Iden, byrja avhøyr av fleire personar som kan ha opplysningar om brannen som starta på Hollefjellet sundag ved 10.30 tida.

- Me prøver no å kartleggja kva som har skjedd, og i den har forbindelse har me snakka med med fire -fem personar. Me har ikkje hatt krimteknikarar på området ennå, men har likevell ein god indikasjon på kor brannen starta. Førebels føreligg det ingen teoriar om kva som utløyste brannen, og eg kan berre konstatera at så langt er alt ope. Det gjenstår fleire avhøyr, og desse vil skje fortløpande, seier Iden.