Eva Bringeland har planar om å bruka saka om Bokn-naustet i si Bachelor-oppgåve.

FINNØY

: -Dette må eg sjølvsagt diskutera med studierettleiaren min, men eg trur det kan vera eit godt eksempel på korleis statsforvaltinga ikkje bør fungera, seier Bringeland til Øyposten.,

Ho understrekar at ho ennå er tidleg i studiet, men har som mål å fullføra med bachelor-eksamen.

-Kva er det ved saka om naustet på Sør-Bokn som er interssant?

Naustet på Sør-Bokn. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Den har trigga interessa mi sidan eg sjølv har jobba lenge i offentleg forvaltning, og kjenner systemet frå innsida. Eg synes dette er eit stygt kapittel i norsk forvaltningshistorie, som me ikkje bare kan gløyma uansett kva avgjerda blir. Etter meining har den offentlege forvaltninga her lete seg bruka på ein måte som ikkje er i tråd med god forvaltningspraksis. Mellom anna er mange av påstandane som er framsett som grunnlag for at naustet bør rivast, ikkje blitt sjekka godt nok. Hadde dei blitt det, ville det kome fram at fleire av dei ikkje held vatn. Her har byråkratiet med andre ord gjort ein for dårleg jobb, meiner Eva Bringeland.

Eva Bringeland har engasjert seg til fordel for eigaren av naustet Jan Bokn, og har jobba med saka sidan 2018.