Kyrkja har fleire feil og manglar som ikkje ein ikkje kan sjå med det blotte auge. Foto: Arkiv.

SJERNARØY:

Kyrkja er ifrå 1647 og har eit rikt dekorert interiør av høg kvalitet, og kulturhistorisk stor verdi som ein av dei tidlege kyrkjene i århundret etter reformasjonen.,

Kyrkja har gjennom fleire århundre vore utsett for mykje vêr og vind og tilsvarande forfall ogreparasjonar. Slik kyrkja framstår no er den sterkt prega av ein modernisering tidleg på 1900-talet,samt ei restaurering i 1955 som innebar ein del gode tilbakeføringar og avdekking av dei gamle dekormåleria. Diverre blei det gjort ein del grep som viste seg å vera bygningsteknisk uheldige.

Tilstanden er jamt over god til tilfredsstillande. Det er likevel behov for å gjera ei rekke avgrensande tiltak:

- Ringmur er vel luftig i øst og bør murast om. Fundament under under kyrkja mot vest er rast ut.

- Rommet under sakristiet manglar lufting og har ein risikabel konstruksjon. Det bør opnast ei inspeksjonsluke og lagast ei luftigare golvløysing utan teppe. Undersøkigane vil visa om ytterlegare tiltak er nødvendig.

- Sørveggen har «feil» oppbygging, mest heilt utan lufting. Råte i dei nedre bordgangane, samt fukt i asfaltplater og glava.

- Taket i skipet blei lagt om i 2010.  Utføringa er bra, men det er sterk fukt i hanebjelkane og i fleire punkt i sutaket oppe mot mønet og nede i hjørnene mot vest. Årsaken er uklar, men det bør gjennomføres tiltak.

- Sløyfer og lekter på våpenhus er nedfukta og råteskadd i enkelte parti.

- Anbefaler lufteluker i gavlane i koret for betre luftgjennomstrøyming.

- Hovuddøra mot vest bør skiftast ut med ei ny dør av handverksmessig kvalitet laga ut

ifrå dei eldste fotografia av kyrkja.

Arbeidet med utbetringa er berekna til 1.1 millionar kroner.  370 000 kroner til bruk på taktetting.

170 000 kroner til fuktbekjemping og 150 000 kroner til ny hovuddør.  I tillegg kjem det fleire mindre summar til mindre utbetringar.