SJERNARØY:

-Det er gode tilbakemeldingar bårde frå utstillarar og publikum, seier arrangøren, Johnny Johannes Furre til Øyposten.,

Grete Hiim (t.v.) og Ebba Marie Breivik stilte med filleryer, gryteklutar og andre husflidsvarer. Gryteklutane var mellom det mest populære. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Han reknar med at det var mellom 50-100 personar innom marken, og er godt fornøyd med det.

-Det er rett nok ikkje på høyde med arrangementet då far min hadde det og det var 300-400 innom. Men tatt i betraktning omstendighetene nå med korona er me likevel godt nøgde, seier Furre.

Jan Kristiansen og Ingeborg Russdal-Hamre var på besøk hos Marie Berge på hytta på Kyrkjøy og tok turen til Sjernarøymarken. Her studerer dei tilbudet frå tilrettelagt avdeling på Randaberg videregående og elevbedrifta "Godt gjort", som June Emanuelsen (t.v.) og Kristine Amadal viser fram. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Folk Øyposten snakka med sette også stor pris på at marken var tilbake.

-Det er kjekt og koseleg at marken er her igjen, og positivt at samfunnet begynner å koma i gang igjen, seier Elin Skjørerstad som er på hytte-ferie på Sjernarøy.

Også¨Ebba Marie Breivik og Grete Hiim frå Sjernarøy Husflidslag set pris på at marken er tilbake.

-Dette er noko me har sakna, seier Grete Hiim.

Beate Hauge Østlund hadde eige bilete malt i olje og acryl som ho stilte ut. Foto: FOTO: Rune Nedrebø