Fire like brannhytter til brannvognene skal plasserast sentralt på øyane i Finnøy. Skisse: JoB Arkitekter AS.

FINNØY:

I mange år har forsvarleg oppbevaring av brannvognene på dei ikkje-landfaste øyane vore ei utfordring. Etter mange år med tilfeldige løysingar, er det no klart at vognene skal plasserast i desse små «brannstasjonane» sentralt på alle fire øyane. På Sjernarøy (Kyrkjøy) ved grendahuset, Ombo ved grendahuset, Halsnøy bak det gamle bedehuset og ved butikken på Fogn.,

- Eg er sikker på at plasseringa av vognene er best mogleg. Kommunen har saman med Rogaland brann og redning IKS vore på befaring på øyane og gitt sine anbefalingar til plasssering etter gitte kriterium.

- Når er vognene på plass?

- Går alt etter planen er målet å få dei i hus til vinteren. Samtidig skal Rogaland brann og redning IKS overta eigarskapet og ansvaret av vognene, seier byggforvaltar i kommunen, Kjetil Bøe til Øyposten.

Brannhyttene er 36 kvadratmeter og er teikna av JoB Arkitekter AS i Stavanger.